1 Herren sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.
2 Jona bad til Herren sin Gud frå buken på fisken.
3 Han sa:Eg kalla på Herren i mi naud,og han svara meg.Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket,og du høyrde meg.
4 Du kasta meg i djupetmidt ute på havet,straumen omgav meg.Alle dine brot og bølgjerslo over meg.
5 Eg tenkte:Eg er driven bort frå dine auge.Skal eg aldri meir få lyfta blikketmot ditt heilage tempel?
6 Vatnet lukka seg om strupen,djupet kringsette meg,sivet vikla seg om hovudet.
7 Til foten av fjella sokk eg ned.Bommane til portane på jordslo att bak meg for alltid.Men du, Herre, min Gud,førte meg levande opp or grava.
8 Då livet mitt svann bort,hugsa eg på Herren,og bøna mi nådde til deg,til ditt heilage tempel.
9 Dei som held seg til vind og fåfengd,har svikta sin kjærleik.
10 Men eg vil ofra til deg med takkesong.Det eg har lova, vil eg halda.Frelsa kjem frå Herren.
11 Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på tørt land.