1 Men det lika Jona ille, og han vart sint.
2 Han bad til Herren: «Herre! Var det ikkje det eg sa då eg var i mitt eige land? Difor ville eg skunda meg og flykta til Tarsis. For eg veit at du er ein nådig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik på miskunn, så du angrar ulukka.
3 Men no, Herre, kan du ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»
4 Då sa Herren: «Er du verkeleg så sint?»
5 Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austafor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta for å sjå korleis det gjekk med byen.