4 Då sa Herren: «Er du verkeleg så sint?»
5 Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austafor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta for å sjå korleis det gjekk med byen.
6 Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans så han kunne bli kvitt mismotet. Jona gledde seg storleg over busken.
7 Men ved daggry morgonen etter sende Gud ein makk som stakk busken så han visna.
8 Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind. Sola stakk Jona i hovudet så han mest svima av. Han ønskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»
9 Då sa Gud til Jona: «Er du verkeleg så sint på grunn av ricinus-busken?» Han svara: «Eg er så sint at eg kunne døy.»
10 Herren sa: «Du hadde omsorg for ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt.