8 Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind. Sola stakk Jona i hovudet så han mest svima av. Han ønskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»
9 Då sa Gud til Jona: «Er du verkeleg så sint på grunn av ricinus-busken?» Han svara: «Eg er så sint at eg kunne døy.»
10 Herren sa: «Du hadde omsorg for ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt.
11 Skulle ikkje eg ha omsorg for storbyen Ninive, der det er meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre, og der det òg er ei mengd med dyr?»