1 Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva, son til Nun:
2 «Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no klar til å gå over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje til dei, til israelittane.
3 Kvar stad de trør, gjev eg dykk, slik som eg lova Moses.
4 Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon til den store elva Eufrat, heile hetittlandet, og heilt til Storhavet, der sola går ned.
5 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.
6 Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
7 Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går.