Josva 4 N11NN

Dei tolv steinane

1 Då alt folket var kome over Jordan, sa Herren til Josva:

2 «Vel dykk ut tolv menn av folket, ein frå kvar stamme,

3 og byd dei: Ta opp tolv steinar frå den staden midt i Jordan der prestane står, ber dei med dykk over, og legg dei ned der de slår leir i natt.»

4 Då kalla Josva til seg dei tolv mennene han hadde valt ut blant israelittane, ein frå kvar stamme,

5 og sa til dei: «Gå midt ut i Jordan framfor paktkista til Herren dykkar Gud! Ta så opp ein stein kvar og legg han på aksla, like mange steinar som det er stammar i Israel.

6 Dette skal vera eit teikn mellom dykk. Når borna dykkar i morgon spør: Kva tyder desse steinane?

7 skal de svara: Vatnet i Jordan vart borte framfor Herrens paktkiste. Då kista kom ut i elva, vart vatnet i Jordan borte, og desse steinane skal israelittane for alltid ha som eit minne om dette.»

8 Israelittane gjorde som Josva baud dei. Midt ute i Jordan tok dei tolv steinar, like mange som det er stammar i Israel, slik som Herren hadde sagt til Josva. Dei bar dei med seg til leiren og la dei ned der.

9 Og midt ute i Jordan, på den staden der prestane med paktkista hadde stått, reiste Josva tolv steinar. Dei står der den dag i dag.

10 Prestane som bar kista, vart ståande midt ute i Jordan til alt som Herren hadde pålagt Josva å seia folket, var gjort, slik òg Moses hadde pålagt Josva. Folket skunda seg over elva.

11 Då alle var komne over, gjekk prestane vidare føre folket med Herrens paktkiste.

12 Rubenittane og gadittane og halve stammen til Manasse gjekk fullt rusta i spissen for israelittane, slik som Moses hadde sagt dei.

13 Om lag førti tusen mann, væpna til strid, gjekk for Herrens andlet over elva mot slettene ved Jeriko for å slåst.

14 Den dagen gjorde Herren Josva stor i auga til israelittane, og så lenge han levde, frykta dei han slik dei hadde frykta Moses.

15 Herren sa til Josva:

16 «Sei til prestane som ber kista med vitnemålet, at dei skal stiga opp frå Jordan.»

17 Og Josva baud prestane: «Stig opp frå Jordan!»

18 Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp frå Jordan og sette foten på tørt land, kom vatnet i Jordan tilbake og fløymde over breddene sine som før.

19 Det var den tiande dagen i den første månaden at folket steig opp frå Jordan. Dei slo leir i Gilgal, ved austgrensa for Jeriko.

20 Dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan, reiste Josva i Gilgal,

21 og han sa til israelittane: «Når borna dykkar i morgon spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?

22 skal de forklara det for borna og seia: Her gjekk israelittane over Jordan på tørt land.

23 Herren dykkar Gud tørka ut vatnet i Jordan for dykk til de hadde gått over, slik Herren dykkar Gud gjorde med Sivsjøen, som han tørka ut for oss til vi var komne over.

24 Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal frykta Herren dykkar Gud.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24