6 Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
7 Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går.
8 Denne lova skal du alltid ha på leppene dine. Les frå lovboka dag og natt, så du trufast følgjer alt som er skrive der. Då skal du ha framgang der du ferdast, og alt skal lukkast for deg.
9 Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»
10 Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:
11 «Gå gjennom leiren og sei til folket: Gjer i stand forsyningar til reisa! For om tre dagar skal de gå over Jordan og ta det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk i eige.»
12 Til rubenittane, gadittane og halve stammen til Manasse sa Josva: