13 Då stod sola stille og månen stansa til folket fekk teke hemn over fiendane sine.Slik står det skrive i «Boka til den rettvise». Sola stansa midt på himmelen, og ho skunda seg ikkje med å gå ned før ein heil dag var til ende.
14 Aldri, korkje før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann slik. For Herren førte krig for Israel.
15 Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.
16 Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda.
17 Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda,
18 sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der.
19 Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»