15 Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.
16 Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda.
17 Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda,
18 sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der.
19 Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»
20 Josva og israelittane gav dei eit stort nederlag og gjorde ende på dei; berre nokre få overlevde og kom seg inn i festningsbyane.
21 Så drog heile hæren uskadd tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å bruka skarpe ord mot israelittane.