23 Dei så gjorde; dei førte dei fem kongane ut til han frå hòla: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.
24 Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han alle mennene i Israel til seg og sa til hærførarane som hadde følgt han: «Kom hit og set foten på nakken til desse kongane!» Og dei kom fram og sette foten på nakken deira.
25 Josva sa til dei: «Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Ver modige og sterke! For slik vil Herren gjera med dei fiendane de kjem i strid med.»
26 Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på fem trepålar, og der vart dei hangande til kvelds.
27 Ved solnedgang baud Josva å ta dei ned frå pålane og kasta dei inn i hòla der dei hadde gøymt seg. Dei la store steinar framfor opninga til hòla, og der ligg dei den dag i dag.
28 Same dagen tok Josva også Makkeda og hogg ned kongen og alle i byen med sverd. Han slo byen med bann og utsletta alt levande der. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29 Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen.