26 Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på fem trepålar, og der vart dei hangande til kvelds.
27 Ved solnedgang baud Josva å ta dei ned frå pålane og kasta dei inn i hòla der dei hadde gøymt seg. Dei la store steinar framfor opninga til hòla, og der ligg dei den dag i dag.
28 Same dagen tok Josva også Makkeda og hogg ned kongen og alle i byen med sverd. Han slo byen med bann og utsletta alt levande der. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
29 Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen.
30 Herren gav også Libna og kongen der i Israels hender. Josva hogg ned folket og alt levande i byen med sverd. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31 Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han.
32 Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna.