29 Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen.
30 Herren gav også Libna og kongen der i Israels hender. Josva hogg ned folket og alt levande i byen med sverd. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
31 Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han.
32 Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna.
33 Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo både han og hæren hans; han lét ingen overlevande vera att.
34 Frå Lakisj drog Josva med heile Israel vidare til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.
35 Den dagen tok dei byen og hogg alle ned med sverd. På denne dagen slo dei alt levande i byen med bann, slik dei hadde gjort i Lakisj.