3 Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende difor bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:
4 «Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.»
5 Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.
6 Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.»
7 Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.
8 Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei, eg gjev dei over i dine hender! Ikkje ein av dei skal greia å stå imot deg.»
9 Josva kom uventa på dei; heile natta hadde han marsjert frå Gilgal.