31 Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han.
32 Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna.
33 Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo både han og hæren hans; han lét ingen overlevande vera att.
34 Frå Lakisj drog Josva med heile Israel vidare til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.
35 Den dagen tok dei byen og hogg alle ned med sverd. På denne dagen slo dei alt levande i byen med bann, slik dei hadde gjort i Lakisj.
36 Frå Eglon drog Josva med heile Israel vidare opp til Hebron og gjekk til åtak på byen.
37 Dei tok han og hogg alle ned med sverd. Dei hogg ned kongen i byen og folket i alle byane som høyrde Hebron til, alt levande. Han lét ingen overlevande vera att. På same måten som dei hadde gjort med Eglon, slo dei byen med bann og utsletta alt som levde der.