40 Josva tok heile landet, både fjellandet, Negev, låglandet og liene og alle kongane der. Han lét ingen overlevande vera att. Alt levande slo han med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre.
41 Josva tok alt landet frå Kadesj-Barnea til Gaza og heile Gosen-landet til Gibeon.
42 I eitt og same felttog slo han alle kongane der og tok landet deira. For Herren, Israels Gud, kjempa for Israel.
43 Så vende Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.