5 Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.
6 Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.»
7 Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.
8 Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei, eg gjev dei over i dine hender! Ikkje ein av dei skal greia å stå imot deg.»
9 Josva kom uventa på dei; heile natta hadde han marsjert frå Gilgal.
10 Herren spreidde uro i rekkjene då israelittane kom, og dei gav fienden eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfølgde israelittane dei på vegen oppover mot Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned.
11 Då dei hadde rømt for israelittane og var komne til bakken ned frå Bet-Horon, kasta Herren store steinar ned frå himmelen, heile vegen til Aseka, så dei døydde. Dei som vart drepne av haglsteinane, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.