1 Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongen i Sjimron og kongen i Aksjaf
2 og til kongane i fjellandet i nord, på Araba-sletta sør for Kinneret, i låglandet og i høglandet ved Dor mot vest,
3 til kanaanearane i aust og vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellandet og hevittane ved foten av Hermon, i Mispa-landet.
4 Dei drog ut med troppane sine, ein stor hær, talrik som sanden på havsens strand, og med ei stor mengd hestar og vogner.
5 Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.