11 Alt levande der vart hogge ned med sverd. Dei vart slegne med bann, ikkje eit liv vart spart. Byen Hasor sette han i brann.
12 Josva la under seg alle desse kongebyane og kongane der. Han hogg dei ned med sverd og slo dei med bann, slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.
13 Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg på høgdene, berre Hasor. Det var den einaste byen Josva brende.
14 Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd til alle var utrydda. Ikkje éin fekk leva.
15 Det Herren hadde sagt tenaren sin Moses føre, hadde Moses bode Josva å gjera, og Josva gjorde det. Han utelét ikkje noko av alt det Herren hadde sagt Moses.
16 Slik tok Josva heile dette landet: fjellandet, heile Negev og Gosen-landet, låglandet og Araba-sletta, fjellandet i Israel og låglandet der,
17 frå snaufjellet som stig opp mot Se'ir, til Baal-Gad i Libanon-dalen ved foten av Hermon-fjellet. Alle kongane der tok han til fange og slo i hel.