16 Slik tok Josva heile dette landet: fjellandet, heile Negev og Gosen-landet, låglandet og Araba-sletta, fjellandet i Israel og låglandet der,
17 frå snaufjellet som stig opp mot Se'ir, til Baal-Gad i Libanon-dalen ved foten av Hermon-fjellet. Alle kongane der tok han til fange og slo i hel.
18 I lang tid førte Josva krig mot desse kongane.
19 Ingen by gjorde fred med israelittane, bortsett frå hevittane som budde i Gibeon. Alle dei andre tok dei i krig.
20 Det var Herren som gjorde hjarta deira harde og fekk dei til å strida mot Israel, for at Israel skulle slå dei med bann så det ikkje fanst nåde for dei. For dei skulle ryddast ut slik Herren hadde sagt til Moses.
21 På den tid drog Josva opp og hogg ned anakittane i fjellandet, i Hebron, Debir, Anab og heile fjellandet i Juda og Israel, og slo dei og byane deira med bann.
22 Det vart ingen anakittar att i landet til israelittane. Berre i Gaza, Gat og Asjdod vart det nokre att.