2 og til kongane i fjellandet i nord, på Araba-sletta sør for Kinneret, i låglandet og i høglandet ved Dor mot vest,
3 til kanaanearane i aust og vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellandet og hevittane ved foten av Hermon, i Mispa-landet.
4 Dei drog ut med troppane sine, ein stor hær, talrik som sanden på havsens strand, og med ei stor mengd hestar og vogner.
5 Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.
6 Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid skal eg syta for at dei ligg falne framfor israelittane. Du skal skjera over hasane på hestane deira og brenna opp vognene deira.»
7 Josva og hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og gjekk til åtak på dei.
8 Herren overgav dei i Israels hender. Israelittane slo dei og forfølgde dei heilt til det store Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna.