5 Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.
6 Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid skal eg syta for at dei ligg falne framfor israelittane. Du skal skjera over hasane på hestane deira og brenna opp vognene deira.»
7 Josva og hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og gjekk til åtak på dei.
8 Herren overgav dei i Israels hender. Israelittane slo dei og forfølgde dei heilt til det store Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna.
9 Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar over hasane på hestane og brende opp vognene deira.
10 Etterpå snudde Josva om, tok Hasor og hogg kongen der ned med sverd. Hasor var før i tida det fremste av alle desse kongedøma.
11 Alt levande der vart hogge ned med sverd. Dei vart slegne med bann, ikkje eit liv vart spart. Byen Hasor sette han i brann.