5 og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.
6 Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.
7 Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,
8 i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.Kongane var:
9 kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin,
10 kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin,
11 kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin,