1 Josva var no gammal og langt oppi åra. Herren sa til han: «Du er no gammal og langt oppi åra, men enno er det mykje land som står att å ta.
2 Dette er dei landområda som står att: alle landområda til filistrane og gesjurittane,
3 frå Sjihor ved Egypt til Ekrons grense i nord – dette blir rekna som kanaaneisk og høyrer til dei fem byhovdingane til filistrane i Gaza, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron – dessutan landet til avittane
4 i sør, og heile kanaanearlandet og Meara, som høyrer til sidonarane, til Afek, til grensa mot landet til amorittane;
5 vidare landet til gebalittane og heile Libanon austover frå Baal-Gad ved foten av Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
6 For israelittane si skuld skal eg ta landet frå sidonarane, alle dei som bur i fjellandet frå Libanon til Misrefot-Majim. Lat Israel få landet i arv slik eg har bode deg.