9 landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon,
10 og alle byane som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane;
11 og så Gilead, landet til gesjurittane og maakatittane, heile Hermon-fjellet og Basan like til Salka,
12 heile riket til Basan-kongen Og, som styrte i Asjtarot og Edre'i. Han var den siste som var att av refaittane. Moses hadde slege dei og teke landet deira.
13 Men israelittane tok ikkje landet frå gesjurittane og maakatittane. Dei bur midt i Israel den dag i dag.
14 Det var berre stammen til Levi Moses ikkje gav nokon eigedom. Gåveoffera til Herren, Israels Gud, er deira eigedom, slik som han hadde sagt dei.
15 Moses gav land til Ruben-stammen, slekt for slekt.