12 Så lat meg no få dette fjellandet som Herren lova meg den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sikre byar. Kanskje Herren vil vera med meg så eg kan ta landet deira, slik som han lova.
13 Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til eige.
14 Difor er Hebron i eiga til slekta hans den dag i dag, fordi kenasitten Kaleb, son til Jefunne, heldt seg trufast til Herren, Israels Gud.
15 Hebron heitte før Kirjat-Arba, etter den største mannen blant anakittane.Og landet fekk kvile frå krigen.