4 Etterkomarane til Josef utgjorde to stammar, Manasse og Efraim. Levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk byar å bu i, med beitemarker for buskapen og feet sitt.
5 Israelittane gjorde som Herren hadde sagt Moses, og fordelte landet.
6 Då kom etterkomarane av Juda til Josva i Gilgal, og kenasitten Kaleb, son til Jefunne, sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea.
7 Eg var førti år gammal då Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å spionera i landet, og eg gav rapport etter beste skjøn.
8 Brørne mine som følgde meg dit opp, tok motet frå folket, men eg heldt meg trufast til Herren min Gud.
9 Den dagen svor Moses: «Sanneleg, det landet du set foten din på, skal høyra deg og borna dine til for alltid fordi du heldt deg trufast til Herren min Gud.»
10 Sjå, Herren har late meg leva desse førtifem åra slik han lova, heilt frå han gav lovnaden til Moses medan Israel gjekk i ørkenen, og fram til denne dag. Og sjå, no er eg åttifem år gammal.