6 og går til Bet-Hogla og nord for Bet-Haaraba opp til Bohan-steinen. Bohan var son til Ruben.
7 Frå Akor-dalen går grensa vidare opp til Debir, svingar nordover til Gilgal, som ligg rett imot Adummim-stigninga sør for elvefaret, og går så til Sjemesj-kjelda og vidare ut til Rogel-kjelda.
8 Derifrå går grensa opp gjennom Ben-Hinnom-dalen langs sørsida av Jebusitt-høgda, som er Jerusalem, opp til toppen av fjellet som ligg rett vest for Hinnom-dalen, ved nordenden av Refa'im-dalen.
9 Frå fjelltoppen svingar grensa mot Neftoah-kjelda, held fram til byane ved Efron-berget og går så i ein boge til Baala, som er Kirjat-Jearim.
10 Frå Baala vender grensa vestover til Se'ir-fjellet, går på nordsida av Jearim-fjellet, som er Kesalon, ned til Bet-Sjemesj og vidare til Timna.
11 Så går grensa nordover til Ekron-høgda, svingar mot Sjikkeron, går forbi Baala-fjellet til Jabneel og endar ute ved havet.
12 Grensa mot vest er Storhavet. Dette er grensene rundt området til etterkomarane av Juda, slekt for slekt.