3 Selofhad, son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, hadde ingen søner, berre døtrer. Døtrene hans heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
4 Dei steig fram for presten Elasar og for Josva, son til Nun, og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss eigedom saman med brørne våre.» Og dei fekk land saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt.
5 Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austafor Jordan.
6 For døtrene til Manasse fekk sin del saman med sønene hans; den andre halvparten av Manasse-stammen hadde fått Gilead.
7 Grensa for landområdet til Manasse strekte seg frå Asjer til Mikmetat, midt imot Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til Jasjub ved Tappuah-kjelda.
8 Manasse fekk landet omkring Tappuah, men sjølve Tappuah, ved grensa til Manasses landområde, tilkom Efraim-stammen.
9 Så gjekk grensa ned til Kana-bekken, på sørsida av elvefaret. Efraim fekk byane her, som låg midt iblant byane til Manasse. Grensa for landområdet til Manasse gjekk nord for elvefaret og enda utmed havet.