13 Derifrå gjekk grensa sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, det vil seia Betel, og så ned til Atrot-Addar, til fjellet sør for Nedre Bet-Horon.
14 Så svinga grensa og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Baal, det vil seia Kirjat-Jearim, ein by som høyrde Juda til. Dette var vestgrensa.
15 Grensa mot sør gjekk frå utkanten av Kirjat-Jearim. Ho gjekk vestover til Neftoah-kjelda,
16 og gjekk så ned til foten av det fjellet som ligg midt imot Ben-Hinnom-dalen, nord for Refa'im-dalen. Derifrå gjekk ho gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-høgda ned til Rogel-kjelda.
17 Der svinga grensa mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og Gelilot, som ligg midt imot Adummim-høgda, og så ned mot steinen til Bohan, son til Ruben.
18 Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Araba-sletta og ned i dalen.
19 Der heldt grensa fram til høgda ved Bet-Hogla og enda i den nordlegaste vika av Saltsjøen, ved munningen av Jordan. Dette var grensa mot sør.