9 Mennene gjekk av stad og drog gjennom heile landet. På ein bokrull skreiv dei opp det dei fann ut om byane i dei sju landsdelane. Så gjekk dei tilbake til Josva i leiren ved Sjilo.
10 Og Josva kasta lodd for dei der, framfor Herrens andlet. Der delte Josva landet mellom israelittane, kvar stamme fekk sin del.
11 Det første loddet fall på Benjamin-stammen, slekt for slekt. Dei fekk området mellom stammane til Juda og Josef.
12 Grensa deira mot nord gjekk ut frå Jordan og oppover høgdedraget nord for Jeriko og vidare vestover fjellet fram til ørkenen ved Bet-Aven.
13 Derifrå gjekk grensa sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, det vil seia Betel, og så ned til Atrot-Addar, til fjellet sør for Nedre Bet-Horon.
14 Så svinga grensa og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Baal, det vil seia Kirjat-Jearim, ein by som høyrde Juda til. Dette var vestgrensa.
15 Grensa mot sør gjekk frå utkanten av Kirjat-Jearim. Ho gjekk vestover til Neftoah-kjelda,