28 Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt til det store Sidon.
29 Ved Rama svinga grensa og gjekk vidare til festningsbyen Tyros, svinga ved Hosa og nådde fram til havet; i tillegg Mehalleb, Aksib,
30 Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.
31 Dette var eigedomen til Asjer-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.
32 Det sjette loddet fall på Naftali, på Naftali-stammen, slekt for slekt.
33 Området deira strekte seg frå Helef, frå Elon ved Saanannim, forbi Adami-Hannekeb og Jabneel til Lakkum og heilt fram til Jordan.
34 Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og gjekk derifrå til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer og i aust til Jordan.