1 Josva, son til Nun, sende i løynd to spionar ut frå Sjittim. Han sa: «Gå og sjå nærare på landet og Jeriko!» Dei gjekk då i veg og tok inn i huset til ei prostituert kvinne som heitte Rahab. Der fekk dei overnatta.
2 Kongen i Jeriko fekk melding om at nokre israelittar var komne om natta for å gjera seg kjende med landet.
3 Då sende han bod til Rahab og sa: «Send ut dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! For dei er komne for å gjera seg kjende med heile landet.»
4 Kvinna gøymde dei to mennene og svara: «Ja, mennene kom til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.
5 I skumringa, då byporten skulle stengjast, gjekk dei ut, og eg veit ikkje kvar dei tok vegen. Skund dykk etter dei, så kan de ta dei att.»
6 Men ho hadde ført dei opp på taket og gøymt dei under linhalmen som ho hadde breidd utover der.
7 Kongens menn sette etter dei på vegen mot Jordan, ned til vadestadene. Og så snart forfølgjarane var komne ut, vart porten stengd.