12 Sver no ved Herren at de vil vera gode mot familien min, sidan eg har vore god mot dykk. Gjev meg eit truskapsteikn på
13 at de vil la mor mi og far min, brørne og systrene mine og alle i huset deira få leva, og berga livet vårt frå døden.»
14 Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for dykkar liv, så sant du ikkje lèt nokon få vita om planane våre. Når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»
15 Så firte ho dei ned frå vindauget med eit reip, for huset hennar gjekk i eitt med bymuren, og ho budde i muren.
16 Ho sa til dei: «Dra opp i fjellet så de ikkje møter dei som forfølgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei som forfølgjer dykk er komne tilbake. Sidan kan de gå dit de skal.»
17 Mennene sa til henne: «På eitt vilkår bind vi oss til den eiden du lét oss sverja:
18 Når vi går inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauget som du firte oss ned frå, og så skal du samla far din og mor di, brørne dine og heile familien din her i huset hos deg.