19 Dersom nokon går ut gjennom døra i huset ditt, skal blodet koma over hans eige hovud, og vi er utan skuld. Men blir det lagt hand på nokon av dei som er inne hos deg, skal blodet hans koma over vårt hovud.
20 Og fortel du nokon om planane våre, er vi løyste frå den eiden du lét oss sverja.»
21 Ho svara: «Det skal bli som de seier.» Så lét ho dei gå. Dei drog av stad, og ho batt den raude snora i vindauget.
22 Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der vart dei verande i tre dagar, til dei som forfølgde dei var komne tilbake. Dei hadde leita langsetter heile vegen utan å finna dei.
23 Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva, son til Nun. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei,
24 og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur i landet, skjelv av redsle for oss.»