3 Då sende han bod til Rahab og sa: «Send ut dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! For dei er komne for å gjera seg kjende med heile landet.»
4 Kvinna gøymde dei to mennene og svara: «Ja, mennene kom til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.
5 I skumringa, då byporten skulle stengjast, gjekk dei ut, og eg veit ikkje kvar dei tok vegen. Skund dykk etter dei, så kan de ta dei att.»
6 Men ho hadde ført dei opp på taket og gøymt dei under linhalmen som ho hadde breidd utover der.
7 Kongens menn sette etter dei på vegen mot Jordan, ned til vadestadene. Og så snart forfølgjarane var komne ut, vart porten stengd.
8 Før dei hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket
9 og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet, og at redsle for dykk har falle over oss. Alle som bur i landet, skjelv for dykk.