5 I skumringa, då byporten skulle stengjast, gjekk dei ut, og eg veit ikkje kvar dei tok vegen. Skund dykk etter dei, så kan de ta dei att.»
6 Men ho hadde ført dei opp på taket og gøymt dei under linhalmen som ho hadde breidd utover der.
7 Kongens menn sette etter dei på vegen mot Jordan, ned til vadestadene. Og så snart forfølgjarane var komne ut, vart porten stengd.
8 Før dei hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket
9 og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet, og at redsle for dykk har falle over oss. Alle som bur i landet, skjelv for dykk.
10 For vi har høyrt korleis Herren tørka ut vatnet i Sivsjøen framfor dykk då de drog ut frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon og Og, som de slo med bann og utsletta.
11 Då vi høyrde om det, smelta hjartet vårt bort, og vi mista motet på grunn av dykk. For Herren dykkar Gud er Gud både der oppe i himmelen og her nede på jorda.