1 Leiarane for kvar familie blant levittane kom til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i dei andre israelittiske stammane
2 og tala til dei i Sjilo i Kanaan. Dei sa: «Herren har gjennom Moses sagt at vi skulle få byar å bu i, med beitemarker omkring for feet vårt.»
3 Då gav israelittane av sin eigedom desse byane til levittane, med beitemarker omkring, slik Herren hadde sagt:
4 Først fall loddet på Kehat-slektene. Ved loddkasting fekk etterkomarane blant levittane etter presten Aron tretten byar frå stammane til Juda, Simon og Benjamin.
5 Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.