14 Jattir og Esjtemoa med beitemarker,
15 Holon og Debir med beitemarker,
16 Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj med beitemarker, i alt ni byar frå desse to stammane.
17 Frå Benjamin-stammen fekk dei Gibeon og Geba med beitemarker,
18 Anatot og Almon med beitemarker, i alt fire byar.
19 Til saman fekk etterkomarane av Aron, prestane, tretten byar med beitemarkene som høyrde til.
20 Levittane frå dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting byar frå Efraim-stammen.