5 Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.
6 Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå slektene i stammane til Jissakar, Asjer og Naftali og frå den halvparten av stammen til Manasse som budde i Basan.
7 Etterkomarane av Merari, slekt for slekt, fekk tolv byar frå stammane til Ruben, Gad og Sebulon.
8 Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.
9 Dei byane som no skal nemnast, er byane som vart gjevne frå stammane til Juda og Simon.
10 Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei.
11 Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane.