1 Då kalla Josva til seg rubenittane, gadittane og halvparten av stammen til Manasse
2 og sa til dei: «De har gjort alt det som Moses, Herrens tenar, baud dykk, og de har lydd meg i eitt og alt.
3 Gjennom heile denne lange tida har de ikkje svikta brørne dykkar, men har til denne dag halde dykk til dei boda som Herren dykkar Gud gav dykk.
4 No har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få kvile, slik han lova dei. Dra difor heim til landet de eig, som Moses, Herrens tenar, gav dykk på den andre sida av Jordan.