3 Gjennom heile denne lange tida har de ikkje svikta brørne dykkar, men har til denne dag halde dykk til dei boda som Herren dykkar Gud gav dykk.
4 No har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få kvile, slik han lova dei. Dra difor heim til landet de eig, som Moses, Herrens tenar, gav dykk på den andre sida av Jordan.
5 Men følg nøye og trufast bodet og lova som Moses, Herrens tenar, baud dykk: at de skal elska Herren dykkar Gud og alltid gå på hans vegar, så de held boda hans, held dykk til han og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel.»
6 Så velsigna Josva dei og sende dei av garde, og dei drog heim til telta sine.
7 Til den eine halvparten av stammen til Manasse hadde Moses gjeve land i Basan, og av Josva hadde den andre halvparten fått land på vestsida av Jordan, saman med brørne sine. Då Josva sende dei heim til telta, velsigna han dei
8 og sa til dei: «No fer de heim att med store rikdomar, med mykje fe, med sølv og gull, kopar og jern og ei mengd med klede. Del no med landsmennene dykkar det hærfanget de har teke frå fienden.»
9 Rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen vende så heim. Dei lét israelittane vera att i Sjilo i Kanaan og drog til sitt eige land, til Gilead, som høyrde dei til ved det ordet Herren hadde tala gjennom Moses.