1 Lenge etter, då Herren hadde late Israel finna kvile og få fred for fiendane omkring seg, på den tida Josva var gammal og langt oppi åra,
2 hende det at Josva kalla heile Israel saman, dei eldste, hovdingane, dommarane og tilsynsmennene, og sa til dei:Eg er gammal og langt oppi åra.
3 De har sjølve vore vitne til alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga for dykkar skuld. For Herren dykkar Gud har sjølv kjempa for dykk.
4 Sjå, eg har late stammane dykkar arva landet til dei folkeslaga som er att, og landet til alle folka som eg har utrydda, frå Jordan til Storhavet, der sola går ned.
5 Herren dykkar Gud vil sjølv driva folkeslaga ut føre dykk og ta landet frå dei, så de kan ta landet deira i eige, slik Herren dykkar Gud har lova dykk.
6 Lat dykk aldri rokka! Hald alt som står skrive i lovboka til Moses, og gjer etter det. Vik ikkje, korkje til høgre eller venstre!