8 Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag.
9 For dykkar skuld har Herren teke land frå store og mektige folkeslag, men mot dykk har ingen til denne dag kunna stå seg.
10 Ein einaste av dykk kunne jaga tusen på flukt. For Herren dykkar Gud stridde sjølv for dykk, som han hadde lova dykk.
11 Ta dykk no vel i vare, så de elskar Herren dykkar Gud.
12 For dersom de verkeleg skulle halda dykk til desse folkeslaga som er att hos dykk, knyta slektsband og blanda dykk med dei, og dei med dykk,
13 då skal de kjenna at Herren dykkar Gud ikkje lenger vil driva ut desse folkeslaga for dykkar skuld. Dei skal bli ei snare og ei felle for dykk, ein pisk over ryggen og tornar i auga, heilt til de blir utrydda frå dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk.
14 Sjå, eg skal gå den vegen som alt her på jorda må gå. Men de skal få røyna av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel at ingen av lovnadene som Herren gav dykk, slo feil. Alt har vorte oppfylt, ikkje eit ord slo feil.