1 Så samla Josva alle Israels stammar i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, dommarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds andlet,
2 og Josva tala til heile folket:Så seier Herren, Israels Gud: Frå gammal tid budde fedrane dykkar – Tarah, far til Abraham og Nahor – på den andre sida av Eufrat, og dei dyrka framande gudar.
3 Men eg henta Abraham, far dykkar, frå landet bortanfor elva og førte han omkring i heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Eg gav han Isak,
4 og Isak gav eg Jakob og Esau. Eg lét Esau få Se'ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans drog ned til Egypt.
5 Eg sende Moses og Aron, og eg plaga egyptarane med det eg gjorde hos dei. Så førte eg dykk ut.
6 Då eg hadde ført fedrane dykkar ut frå Egypt, kom dei til Sivsjøen. Men egyptarane forfølgde dei og kom til sjøen med stridsvogner og ryttarar.