12 Eg sende ein bisverm framfor dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.
13 Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt noko strev med, byar som de ikkje hadde bygd, men som de fekk bu i, vinmarker og oliventre som de ikkje hadde planta, men som de får eta av.
14 Så frykt då Herren og ten han heilhjarta og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på den andre sida av Eufrat og i Egypt, og ten Herren!
15 Men dersom det byd dykk imot å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena: dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor elva, eller gudane til amorittane, i det landet de no bur i. Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.
16 Folket svara: «Gud forby at vi vender oss bort frå Herren og dyrkar andre gudar!
17 For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut frå Egypt, ut frå slavehuset, og som gjorde desse store teikna like framfor auga våre. Han vakta oss på heile den lange ferda vår og blant alle folkeslaga i dei landa vi reiste igjennom.
18 Herren dreiv bort alle folkeslaga for oss, og amorittane som budde i landet. Vi vil òg tena Herren, for han er vår Gud.»