17 For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut frå Egypt, ut frå slavehuset, og som gjorde desse store teikna like framfor auga våre. Han vakta oss på heile den lange ferda vår og blant alle folkeslaga i dei landa vi reiste igjennom.
18 Herren dreiv bort alle folkeslaga for oss, og amorittane som budde i landet. Vi vil òg tena Herren, for han er vår Gud.»
19 Josva sa til folket: «De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Han er ein nidkjær Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.
20 Vender de dykk bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, same kor mykje godt han før har gjort mot dykk.»
21 Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tena.»
22 Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Vi er vitne!»
23 Då sa Josva: «Skil dykk frå dei framande gudane som finst blant dykk og vend hjartet dykkar til Herren, Israels Gud!»