20 Vender de dykk bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, same kor mykje godt han før har gjort mot dykk.»
21 Folket sa til Josva: «Nei! Herren vil vi tena.»
22 Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Vi er vitne!»
23 Då sa Josva: «Skil dykk frå dei framande gudane som finst blant dykk og vend hjartet dykkar til Herren, Israels Gud!»
24 Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans røyst vil vi lyda.»
25 Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og fastsette lov og rett for dei.
26 Han skreiv desse orda opp i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der, under eika som står ved Herrens heilagdom.