23 Då sa Josva: «Skil dykk frå dei framande gudane som finst blant dykk og vend hjartet dykkar til Herren, Israels Gud!»
24 Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans røyst vil vi lyda.»
25 Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og fastsette lov og rett for dei.
26 Han skreiv desse orda opp i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der, under eika som står ved Herrens heilagdom.
27 Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss, for han har høyrt kvart ord som Herren har sagt oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje fornektar dykkar Gud.»
28 Så lét Josva folket gå, kvar til sin eigedom.
29 Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva, son til Nun, Herrens tenar, hundre og ti år gammal.