29 Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva, son til Nun, Herrens tenar, hundre og ti år gammal.
30 Dei gravla han på det området som høyrde han til, i Timnat-Serah, som ligg i fjellandet i Efraim, nord for Gaasj-fjellet.
31 Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge det enno var nokon att blant dei eldste som levde lenger enn Josva, og som kjende til alt det Herren hadde gjort for Israel.
32 Knoklane etter Josef, som israelittane hadde ført med seg frå Egypt, gravla dei ved Sikem, på det jordstykket som Jakob hadde kjøpt for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem, og som Josef-stammen hadde fått til eigedom.
33 Då Elasar, son til Aron, døydde, gravla dei han i Gibea, den byen som Pinhas, son hans, hadde fått i Efraim-fjella.