6 Då eg hadde ført fedrane dykkar ut frå Egypt, kom dei til Sivsjøen. Men egyptarane forfølgde dei og kom til sjøen med stridsvogner og ryttarar.
7 Då ropa dei til Herren, og han la mørker mellom dykk og egyptarane, og han lét sjøen slå over dei og gøyma dei. De såg med eigne auge kva eg gjorde med egyptarane.Sidan var de lenge i ørkenen.
8 Så førte eg dykk inn i landet til amorittane, som budde austafor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav amorittane over i dykkar hender. De tok landet deira, og eg utrydda dei for dykk.
9 Så gjekk kongen i Moab, Balak, son til Sippor, til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam, son til Beor, for at han skulle forbanna dykk.
10 Men eg nekta å høyra på Bileam, og han måtte velsigna dykk på nytt og på nytt. Slik berga eg dykk frå hans hand.
11 Så gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Dei som hadde makt i Jeriko, gjekk til strid mot dykk: amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei over i dykkar hender.
12 Eg sende ein bisverm framfor dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.